I oktober 2012 hadde Firda vgs. og Valdres vgs. eit nytt samarbeidsseminar i Sogn. Tema denne gongen var språkhistorie og dialektundervisning. Her er referat frå Oddmund Løkensgard Hoel si svært interessante førelesing. Det vart langt, for det var så interessant:
· Graf over utbreiing og elevtal
for elevar med nynorsk frå 1890 til 1960 viser ein topp kring 1944 (55 %
av krinsane, 34 % av elevane), deretter nedgang.
Det er eit voldsomt språkskifte
frå 1890-1945-1960, KVIFOR? à dette spørsmålet manglar i språkhistoria.
·
Språkhistorie (ytre) bør vera
tverrfagleg disiplin
o
Utbreiing og domeneutbreiing
er eit interessant tverrfagleg emne,
o men fort gjort å bli nærsynt
o
Språkhistoria tilllegg
språkorganisasjonane for mykje vekt! Det er lett å tenkje at organisasjonane
Mållaget og Riksmålsforbundet har hatt mykje å seia, men dei har fyst og fremst
vore debattantar. Rammevilkår og samfunnsendringar får for lite fokus.
Målreisinga og målsaka må sjåast i høve
til
·
Skiftande politisk landskap/ språket
si rolle i rikspolitikken
·
Framveksten av arbeidarrørsla
·
Urbaniseringa
·
Industrialiseringa
Språkhistoria må sjåast i desse
perspektiva:
Omgrepshistorie (ein disiplin som er utvikla i Tyskland)-
Korleis vi brukar omgrep, har mykje å seia
for korleis vi forstår utviklinga
Viktige spørsmål
·
«Bogsproget»på 1800-talet - var det norsk eller dansk? Når vart det
«norsk»? Meir viktig – korleis oppfatta aktørar i samtida det? Kva vart det
kalla? Kva for merkelappar var det, og kva hadde dei å seia i språkstriden?
·
Grunnnlova 1814: «norsk
sprog». På den tida var det høgst uklart kva «norsk språk» vart à difor veldig viktig å få vera den definerande parten.
·
Aasen sitt viktige poeng: han
definerer «norsk» som eige språk – og skaper forståing for kvifor dialektane
utgjer eit norsk språk. Norsk språk befinn seg jo i eit dialektkontinuum, men
«svensk» og «dansk» fanst allereie à han såg at
han måtte etablere eit nasjonalspråk for å få den same makta.
·
Knud Knudsen: brukar omgrepet
«dansk-norsk» målstrev, i motsetnad til «norsk-norsk» målstrev, som Aasen stod
for. Han gir ut «Håndbok i dansk-norsk språklære». Dette omgrepet hadde positiv
klang i samtida, og vart seinast brukt positivt i 1890-åra. à Dette vart seinare eit skjellsord i målrørsla, brukt som stikk til
bokmålsfolket. Etter kvart vart det eit stort poeng å kvitte seg med det
danske.
·
1899: Omgrepet «rigsmålet»
blir til, Bjørnson får æra for omgrepet. Men det var Håkon Løken (Trondheim)
som hadde teke til orde for å bruke det. Vart fanga opp av Bjørnson i 18…., då
han starta felttoget mot målreisinga (kjent foredrag). Sofus Bugge var også med
her. Omgrepet vart veldig effektivt, og omgrepet «dansk-norsk» opphøyrer å
eksistere! Omgrepet blir eit fast samlingsmerke, språket blir dermed
riksdekkande. Smart å bruke «-mål» i staden for «-språk», for det skaper norske
konnotasjonar. Seinare vart det «det allminnelige bokmålet».
·
Frå «landsmål» til «nynorsk»
kring 1900.
·
Aasen: la vekt på den doble
tydinga i «landsmål»: Gjeld heile landet, og gjev assosiasjonar til landsbygda,
som for han var positivt, ei oppvurdering av landsbygda sitt språklege gods.
Konnotasjonane til landsbygd vart negativt for omgrepet. «Nynorsk» formelt frå
1929.
·
(Skiljet mellom språk og
dialekt er eit anna døme)
Språkhistoria
som problem:
·
Språkhistoria blir framstilt
som problem: I 1814 fanst det ikkje noko problem, eigentleg. Dialektane var ikkje meir fjerne enn
dialektane i mange andre land iht standardspråket.
·
Lesekunna var utbreidd, men samfunnet
stilte stadig aukande krav til lesekunne, vi ser ei skriftleggjering av av
samfunnet. Det også eit internasjonalt problem. Vi ser ein auke i
bokproduksjon frå slutten av 1700-talet.
·
Standardiseringsepoke frå slutten av 1700. Tidlegare var variasjon i skrivemåte sett på
som positivt. Ove Malling gir i 1777 ut eit verk som sette standarden
for god dansk: «Store og gode handlinger af Danske, Norsk og Holstenere.»
·
à Boktittelen understrekar at det på den tida var ein
konglomeratstat. Men i 1814 var Noreg blitt ein sjølvstendig stat, men utan
eige språk. Ideen om nasjonalstaten
blir viktig for utviklinga.
·
Laurents Hallager følgjer i
desse fotspora i 1802 med norsk ordsamling. Dette verket har den same
oppfatninga som Aasen seinare arbeidd for: norsk som separat språk.
·
Situasjonen fram til 1850 var
meir flytande enn den gjengse wergeland – welhaven-munch –aasen-
knudsen-forteljinga.
o
Uklart om det var eit skilje
mellom språka. For mange var det vanskeleg å sjå forskjell på Knudsen og Aasen
sine prosjekt.
o
Grensa mellom Aasens og
Knudsens prosjekt blir dregen på 1860-talet. Her kjem også organseringa av
språkkampen.
o
Diskusjonen i 1885 viser at
det var uklarheit i Stortinget om forskjellen mellom Knudsen og Aasen. Kva
vedtok dei eigentleg?
·
Kampen seinare har oppnådd likestilling
men ikkje likevekt! Ikkje fri tevling, språka har svært ulike vilkår.
·
Styrken i målreisinga: Hadde
initiativet, var den offensive, hadde den beste organiseringa, og det største
truverdet som nasjonal sak.
·
Svakheit i målreisinga: starta
frå 0! Utarbeiding av norm, opparbeiding av litteratur, aviser, utbreiing osv.
Implementering av nytt språk er vanskeleg. + Negative haldningar, allereie i
samtida: «Ubrukeleg som moderne språk».
·
Tidstypisk på sitt vis: Talet
på europeiske språk dobla seg (?) på 1800-talet. Nasjonaliseringselement.
·
Knudsens reformlinje hadde
statusen til det eksisterande skriftspråket i ryggen, eit rettskrivingsarbeid
som liknar meir på andre land i denne tida.
·
Det tredje alternativet:
samnorsken - eit forsøk på ei språkteknokratisk løysing på eit delt
skriftpsråk.
·
Men opphavet er meir
interessant, 1860 då Knudsen og Aasen skildest: Sars, Hagmann, Berner:
Nasjonsbyggingsprogram – den dansk-norske høgkulturen og den norsk-norske
bygdekulturen måtte inngå i ein ny norsk kulturell identitet. Blir teke opp av
Koht som gjer det til arbeidarrørsla sin språkpolitikk. Idear om nasjonsbygging
som fekk brei tilslutnad, både i mållag og riksmålskretsar ved starten av 1900.
·
à Meir flytande verkelegheit enn vanleg i lærebokframstilling. Dette
kunne gått annleis under andre omstende!
Målspørsmålet
som politikk:
·
Konstituerande for
partiskilja, Venstre vart målpartiet, målrørsla kapra Venstre. Målfolk sat
sentralt i venstre.
·
Men kva var det med målsaka
som gjorde ho interessant for Venstrefolk som ikkje var målfolk? Jo den er med
å konstituere eit skilje mellom Høgre og Venstre. Stemmetala i 1885 viser
blokkdeling.
·
Målsaka var ei vinnarsak for
Venstre. Fordi: den var samlande for
landet då, medan andre saker var splittande! (For eksempel Kielland, jarnbane
som splitta Venstre). Gode venstremenn var for målsaka, også skipsreiarar frå
Bergen! Michelsen, Mowinkel osv. Eit ledd i Venstre sitt breie
nasjonsbyggingsprosjekt.
·
Politisk nasjonalisme og
kulturnasjonalisme: riksrettsstriden, unionsoppløysinga, uro rundt 1.
verdskrig. à målsaka vekk vind i segla. Pga: Latent kulturnasjonalisme som blir
utløyst av ytre faktorar.
·
Men Venstre varer ikkje evig.
«Då venstre var stort» – «då venstre vart lite» (Grepstad). Akutt behov for
nyorientering i målrørsla à møte med arbeidarrørsla, Koht osv. Berre delvis vellukka.
·
Dette var ei tid då målspm.
var viktig i politikken, meir viktig enn i dag. Regjeringskrise på målsak i
1912 (Konow sitt fall). Illustrer at dette spørsmålet nådde i toppen av norsk
politikk. Denne situasjonen gjekk over, ikkje minst fordi staten fekk andre
oppgåver: veksten i den moderne staten. Dei store, tunge velferdssakene,
sjukehus osv., som staten tidlegare ikkje dreiv. Desse sakene (sosiale og
økonomiske) vart meir skiljande i politikken enn kulturelle og territoriale
(fråhald, målsak, religion osv.). Slik veks AP fram!
·
Språk, religion osv blir etter
kvart privatsak, også i eit forsøk på å feie vanskelege saker under teppet.
·
Urbaniseringa blir eit problem:
– identiteten i målsaka var «bygdereising» - eit syn som stod sterkt lenge i
målrørsla.
·
H og V ueininge om mykje i
1885, men begge er einige i at landsmålet passar best på bygda og ikkje i byen.
·
Kristiania voks sterkt,
sterkast i heile Europa. Bydialektane fall mellom stolane, verken riksmål eller
landsmålsfolk fatta interesse for dei.
·
Sentrum-periferi-dimensjonen:
Byvekst sett på som trugsmål mot bygdene og målreisinga, målreisinga vart
symbolsak i den dimensjonen.
·
1900: nyorientering – kan
ikkje sjå bort frå byane. Ein må vinne dei også om ein vil ha idear om å få nn
som landsdekkande språk. Fekk gjennomslag hjå strategane i målrørsla. Fattar
også interesse for bydialektane, for eksempel Idar Handagard gransking av bymål
i 1902.
·
Bondeungdomslag (1899 à) – kaffistova og bondeheimen mm. jf i dag i innvandringsintegreringa.
Dersom ein berre organiserte seg godt og bygdefolket som kom til byen tok med
seg dialekt og nynorsk, ville dei til slutt erobre byen. Møtte raskt sosiale
realitetar som slo den satsinga tilbake. Lukkast ikkje med å skape nynorsk
urban identitet.
·
Riksmålsrørsla hadde taket på
byane. Var ein viktig aktør, sto for den utbreidde haldninga om at riksmålet
passa best i byane. Bjørnson sine utsegner om tussete bønder og bygdefolk,
viktig faktor.
·
Riksmålsrørsla og målrørsla
var i lag om å skape eit skilje mellom by og land! Dette vart etter kvart eit
problem for målrørsla.
·
«Nidaros»-debatten i 1929, forsøk
på målreising à mobilisering frå byfolket à 1931
heiter byen Trondheim. Deretter ingen omdøyping av byar. Her møtte nynorsken
veggen. Klarte ikkje å erobre byane.
Etterkrigstida:
o
Riksmålsoffensiven: kamp for
reversering av innføring av nynorsk –> lykkast. Talet på krinsar går ned
o
Krigen = brotet i
språkhistoria, vanleg framstilling. Stemmer delvis. Men
o
Urbanisering, utarming av
landsbygda, generell kulturell endring, oppdemd sentralisering: bølgje av
skulesamanslåing og folkeflytting, frå landbruk til industri.
o
Bygdene kjem i bakleksa,
bygdekulturen er symbolet på fortida, bykulturen er framtida.
o
1960-70: kjem nyorientering.
§ Det norske språkproblemet: er det ein normal fleirspråkstiuasjon?
Jf internasjonal samanheng. Manglar enno litt på denne forståinga.
Sjølvforsterkande prosessar, med dynamikk
mellom fløyane:
Mange trudde kring 1914 at nynorsken kom til å
vinne. Etter andre verdskrigen: nynorsken taper ein stad à smittar vidare.
Konklusjon på
korleis skrive språkhistorie: Må finne dei stadene der situasjonen ligg open! Stille
kontrafaktiske spørsmål! Ikkje berre finne dei poenga som skaper ei
samanhengande historie, jf. framstillinga i lærebøkene.
Kva hadde skjedd i 1905 om ein ikkje hadde gått i krig mot AP? Kva
hadde skjedd utan 1905?
Kva kan ein lære av historia?